Gå videre til innhold
Gunnar Myklebust med ny bok; "Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot"

Pressemelding -

Gunnar Myklebust med ny bok; "Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot"

I den nye boka Ishavet. Pelsdyrfangst og vågemot losar  Gunnar Myklebust oss gjennom fleire hundre år med norsk fangsthistorie, frå veidemennene i mellomalderen til den internasjonale kampanjen som knekte norsk selfangst. Det er første gong historia om ishavsfangsten vert presentert samla i bokform.

Ishavet har hatt ei uimotståeleg dragning på nordmenn i fleire hundreår. Ei kald og mektig øydemark som med overveldande prakt og nådelaus natur har lokka generasjonar av eventyrarar og fangstfolk. Villige til å utfordre det ukjente for eit utkome. Eller berre for å oppleve det. I spinkle farkostar eller primitive vinterhytter sette norske fangstmenn livet på spel for draumen om det store varpet. Ishavssoga er full av dramatiske historier om dei som ville og våga, om nyfiken utferdstrong og ufatteleg vågemot. Om dei som lykkast og kom heim, nokre som berre kom heim – og mange som vart igjen der ute. Boka har ei liste over alle skutene som drog til ishavet, og er rikt illustrert.

Gunnar Myklebust (f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK, og var i perioden 1993–­1997 NRKs korrespondent i USA.

Han har tidlegare skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg.

Kontaktinformasjon til Gunnar Myklebust: 906 78 551 - gunnarmykle@gmail.com

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO