Gå videre til innhold
Gunnar Myklebust med sterkt portrett av Ragnar Ulstein

Pressemelding -

Gunnar Myklebust med sterkt portrett av Ragnar Ulstein

Eit personleg portrett av ein av våre viktigaste historikarar – ein mann med eit brennande hjarte og sterk sans for rettferd

- Ragnar Ulstein er ei stemme som aldri let oss gløyme kor skjør freden og fridomen er, at vi aldri må slå oss til ro og ta det trygge tilværet vårt for gitt. Når han ser eit høve til det, passar han alltid på å minne om at det er folk – dei fleste borte i dag – som ein gong var villige til å sette livet på spel for den fridomen vi kan nyte godt av i dag. Gunnar Myklebust

Då den andre verdskrigen braut ut, drog den unge Ragnar Ulstein med båt til England, der han blei med i Lingekompaniet. Han fekk opplæring i geriljakrig og var på fleire hemmelege operasjonar i Noreg.

Etter krigen bytte Ulstein ut pistolen med pennen for å dokumentere viktige delar av den norske motstanden under krigen. Gjennom meir enn tre tiår reiste han landet rundt og intervjua krigsveteranar – englandsfararar, grenselosar, etterretningsfolk og små og store aktørar i dei hemmelege nettverka i motstandsrørsla. Ved Norsk Hjemmefrontmuseum etterlèt han seg eit eineståande arkiv med opptak og avskrifter frå over 1300 intervju med krigsveteranar. Utan hans bidrag ville ein viktig del av norsk historie gått tapt.

I boka til Gunnar Myklebust blir vi kjende med eit menneske som gjennom sitt lange liv var driven av eit brennande hjarte og ein aldri sviktande sans for rettferd. Ulstein er ein av dei siste attlevande motstandsmennene frå krigen. Basert på timevis med samtalar teiknar Myklebust eit personleg og originalt portrett av ein intelligent, humoristisk og prinsippfast mann.

Boka har lanseringsdato 9.oktober. 

Møt Ragnar Ulstein og forfattar Gunnar Myklebust på Hjemmefrontmuseet i Oslo torsdag 12.okt kl.17.00: https://www.facebook.com/events/533711103639423/

Gunnar Myklebust (f. 1950) er journalist og forfattar. Han har vore utanriksmedarbeidar i NRK, og var i perioden 1993–1997 NRKs korrespondent i USA. Han har tidlegare skrive boka Tungtvannssabotøren om Joachim Rønneberg og Ishavet, ei bok om norsk fangsthistorie.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO