Skip to main content

Hallgeir Opedal aktuell med boka "Heim. Ei vandrehistorie"

Pressemelding   •   mai 07, 2019 08:30 CEST

Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til plassen der han voks opp. Han pakkar sekken, låser leilegheita og vandrar vestover mot Hardanger. Framføre seg har han nær 400 kilometer med asfalt.

Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for vandringa, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim.

Men kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Og korleis kjem ein dit?

Undervegs møter han folk – og ikkje minst seg sjølv – og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.

Hallgeir Opedal (f. 1965) er fødd på Kongsberg, men voks opp i Odda. Han starta journalistkarrieren i Hardanger Folkeblad og har sidan arbeidd i Haugesunds Avis, Dagbladet og NRK. For det journalistiske arbeidet sitt er han blitt lønt med Hestenes-prisen og NTBs språkpris. For tida er han knytt til redaksjonen i Skavlan

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.