Gå videre til innhold
Haustlista 2017 frå Samlaget; Elena Ferrante, Olaug Nilssen, Maria Parr, Agnes Ravatn m.fl

Pressemelding -

Haustlista 2017 frå Samlaget; Elena Ferrante, Olaug Nilssen, Maria Parr, Agnes Ravatn m.fl

På den rikhaldige haustlista til Samlaget finn du ei ny barnebok frå Maria Parr; "Keeperen og havet", som allereie er seld til ti land. Forlaget held fram med å gje ut Elena Ferrantes bøker på norsk, og "Den dunkle dottera" frå 2006 er no kome ut til strålande meldingar frå kritikarane. Boka er omsett av Kristin Sørsdal. Det er stor interesse for Alfred Fidjestøls biografi om sjimpansen Julius; "Nesten menneske" som straks kjem ut. Boka vert også lansert på den engelske verdsmarknaden til våren, gjennom forlaget Greystone. Leif Einar "Lothepus" Lothe i partnarskap med Finn Tokvam står bak ein annan av haustens biografiar; "Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete". Agnes Ravatn og Olaug Nilssen er også aktuelle med bøker i haust. Ravatn med essaysamlinga "Verda er ei skandale. Ei bok om livet på landet" og Nilssen med ein roman om å vere mor til ein autistisk son. Forlaget held fram samarbeidet med Egmont om  juleheftet Juleroser som Herborg Kråkevik er redaktør for. 

Forlaget har ei mengde andre utgjevingar på lista også i haust:

Bla i årets katalog (både vår- og haustbøker): https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/katalogen_2017

Bøkene som kjem i haust ligg ved i eige word-dokument.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO