Skip to main content

Heksejakt og heksebrenning i Europa

Pressemelding   •   sep 19, 2016 10:00 CEST

Frå 1400-talet og fram til rundt 1700 blei 100 000 kvinner og menn stilte for retten og skulda for hekseri og trolldom i Europa. Rundt 50 000 av desse blei avretta. Her i landet blei over 300 såkalla hekser drepne. Dei var vanlege kvinner, gifte og ugifte, fattige og rike, unge og gamle.

Heksene blei hengde eller halshogne, men oftast brende. Bålet skulle ha ei reinsande kraft.

Historikaren Aina Basso fortel om hekseprosessane i Europa og i Noreg. Her blir vi kjende med hekser som franske Jeanne d’Arc og tyske Merga Bien, men også norske hekser som Anna Pedersdotter Absalon og sunnmørske Sva-maska. Vidare får vi historia om den siste og aller verste av hekseprosessane i Finnmark. I 1662 blei 31 kvinner skulda for å vere hekser. Av desse var det seks småjenter. Kven var heksene? Og korleis i alle dagar kunne noko slikt skje?

- Det fanst både trollkvinner, trollmenn og trollungar, yngre og eldre, fattige og rike, slemme og snille, men fleirtalet som blei skulda for å vere hekser var gifte kvinner over 40 år, fortel Basso. Det viktigaste eg har forsøkt å formidle i boka er likevel kor tilfeldig dette kunne ramme. Det kunne hende nesten alle, om ein var i radiusen til ein iherdig heksejeger. Gjennom bruken av tvang, trugsmål og tortur under avhøyr var det nok mange som tilstod både at dei sjølv og andre dei kjende var hekser, og kven som blei skulda under eit slikt avhøyr kan eg tenke meg var nokså tilfeldig. Kanskje søstera eller veninna, kanskje fienden - kven veit!

Heksejakta er ikkje over. Både i Asia, Sør- Amerika og Afrika er det stader der dei framleis brenner hekser.

Boka er illustrert av Christian Bloom. 

Aina Basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige, som ho vart tildelt Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond for. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk Råds Pris for beste barne- og ungdomsbok 2013. I 2014 gav Basso ut vaksenromanen Finne ly.

Basso er utdanna historikar og bur i Oslo.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.