Gå videre til innhold
Herborg Kråkevik klar med "Juleroser" og "Barnas Juleroser"

Pressemelding -

Herborg Kråkevik klar med "Juleroser" og "Barnas Juleroser"

Juleroser med Herborg Kråkevik som redaktør har etablert seg som eit av dei mest populære, norske julehefta. I sitt fjerde år er heftet ute i eit rekordstort opplag på 100 000. I år introduserer Kråkevik også Barnas Juleroser. Utgjevingane er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet frå 19.11.

Juleroser og Barnas Juleroser er litterære julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Kråkevik vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. Årets to hefter har bidrag frå Vigdis Hjorth, Linda Eide, Håvard Vikhagen, Frode Grytten, Thorvald Steen, Maria Parr, Lisa Aisato, Bobbie Peers og mange andre. Hefta er rikt illustrerte med bidrag frå dei beste biletkunstnarane.

Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Heftet vart relansert i 2015. For Kråkevik er Juleroser noko som har vore med henne heile livet:

-Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser og Barnas Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet.

Mandag 19.11. og tysdag 20.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane på lanseringasarrangement på Litteraturhusa i Oslo og Bergen. Billettar for sal no.

For avtale om intervju med Herborg Kråkevik eller bidragsytarar, ta kontakt med Karin Helgøy i Samlaget: Mobil: 97 01 98 65 karin.helgoy@samlaget.no

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO