Gå videre til innhold
"Hest hest, tiger, tiger" no i norsk omsetjing!

Pressemelding -

"Hest hest, tiger, tiger" no i norsk omsetjing!

Tragikomisk og prisvinnande ungdomsbok

Den hjartevarme og komiske ungdomsboka Hest, hest, tiger, tiger var i 2015 ei av dei mest omtala bøkene i Danmark og gav forfattar Mette Eike Neerlin både Skriverprisen 2015, og Kulturministeriets Forfatterpris 2015.

Neerlin sin hovudperson Honey er van med å klare det meste: Lage mat. Handle inn. Ta seg av søster si. Og på skulen prøver ho å vere venn med alle.

Men ho har eit problem: Ho lyg. Det er nesten så ho ikkje kan kontrollere det. Og slik kjem ho ein dag til å ta ein buss ho slett ikkje skulle med – ein busstur som snur opp ned på kvardagen hennar.

Det er ei bok om å overleve og om kva som skjer når du ikkje alltid seier det som sant er.

Boka er omsett av Brit Bildøen.

”Mette Eike Neerlins bog er skrevet med en lethed, der løfter den op fra siden og ind i dit hjerte og i dit smil” -Information. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO