Gå videre til innhold
Hilde Kvalvaag og Sturla Bang med framtidstriologi

Pressemelding -

Hilde Kvalvaag og Sturla Bang med framtidstriologi

Fascinerande undergangsforteljing frå eit framtidig Kina

Barneheimsjenta Ela arbeider som alle andre jenter som slave på fabrikken til tyrannen Ingmor, som styrer alt og alle med jernhand. Verda slik vi kjenner henne, er gått til grunne, organisk mat finst ikkje, personleg fridom finst ikkje, og den som ikkje passar seg og gjer som ho er beden om, hamnar på blodtappingsbenken og kan ende med å måtte bøte med livet. Ein dag får Ela nok av undertrykkinga og manar til opprør. Det er farlegare enn ho anar, for Ingmor treng noko berre Ela har …

Under er første bok i framtidstriologien Søsteranarkistane.

Sturla Bang og Hilde Kvalvaag bur i Bergen, er gifte med kvarandre og har fire barn saman. Dette er første boka dei skriv i lag. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO