Pressemelding -
Hilde Myklebust ute med ny diktbok for barn "Bjørkebokstavar"
Bjørkebokstavar handlar om kor fint det kan vere å ha si eiga bjørk, men også om eit veldig, veldig høgt ønske om å få ein hund. Gjennom blikket til eit barn skildrar Hilde Myklebust undring, glede og einsemd gjennom skiftande årstider på landet.
Samlinga er vakkert illustrert av Tone Lileng
Eg heng
etter ei hand
frå ei grein
Kjenner vinden
bølgje i trekrona
Eg er ein kongle
eller ein knopp
Mor ropar frå trappa:
No kjem du deg ned!
Men ho veit då vel
like godt som meg
at dette er ei hengebjørk
Hilde Myklebust (f. 1979) er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande.
Kontakt Myklebust:
E-post: hilde.myklebust@gmail.com
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.