Skip to main content

"Hjartebank"-ny biografi om Oddny Miljeteig

Pressemelding   •   okt 02, 2019 11:20 CEST

Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig er ein biografi om ein markant sosialpolitikar og eit motstraumsmenneske det er vanskeleg å stille seg likegyldig til. Boka er også ei forteljing om å leite etter sitt biologiske opphav. Forfattar er den prisløna BT-journalisten Kjersti Mjør. 

Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.

Denne hausten fyller Oddny Miljeteig 65 år, og ho gir seg i politikken. SV-politikaren og sosionomen Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar – ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Ho er så langt frå ein politisk broiler som ein kan komme.

I denne biografien, skriven av journalisten Kjersti Mjør, fortel Miljeteig om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn. I samband med boka tek Oddny kontakt med Fylkesmannen for å få vite kven dei biologiske foreldra hennar er. Ho fortel også for første gong offentleg om då ho var med og skjulte flyktningar i Bergen.

Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende. Ho har m.a. gitt ut boka 52 opplevingar i Hordaland saman med fotograf Helge Skodvin.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.