Skip to main content

H.M. Dronning Sonja, Anne B. Ragde, Kim Leine m.fl. bidreg i Herborg Kråkeviks Juleroser 2016

Pressemelding   •   nov 14, 2016 09:00 CET

Omslaget på Juleroser 2016. Illu: Sverre Malling

Juleroser 2015 med Herborg Kråkevik som redaktør vart ein stor suksess. I år er juleheftet tilbake og vert lansert 21.11 med et opplag på 70 000. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont, og er til sals over heile landet.

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Fjorårets Juleroser var det første i sitt slag sidan 1944. Også i årets juleroser ønskjer vi å gi lesarane store kunstopplevingar. Juleroser 2016 har bidrag frå H.M. Dronning Sonja, Anne B. Ragde, Kim Leine, Vetle Lid Larssen, Helge Torvund, Kolbein Falkeid, Sverre Malling, Håkon Gullvåg, Marianne Heske, Theodor Kittelsen med fleire.

Sverre Malling står bak årets framside.

For redaktør Kråkevik er Juleroser noko som har vore med henne heile livet:

-Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper at Juleroser vil gje lesarane jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både lesrarar i dag og dei som kjem etter.

Tysdag 22.11. og onsdag 23.11. kan du oppleve fleire av bidragsytarane frå heftet på lanseringasarrangement på Litteraturhusa i Oslo og Bergen. Billettar for sal no.

For avtale om intervju med Herborg Kråkevik eller bidragsytarar, ta kontakt med informasjonssjef Karin Helgøy i Samlaget: Mobil: 9719865 karin.helgoy@samlaget.no

Pressekontakt i Egmont Tonje Tornes: tonje.tornes@egmont.com 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy