Gå videre til innhold
Hulda Garborg-stipendet 2017 til Marianne Krogh

Pressemelding -

Hulda Garborg-stipendet 2017 til Marianne Krogh

Hulda Garborg-stipendet for 2017 går til Marianne Krogh. 

I grunngjevinga skriv juryen at "vinnaren av stipendet er ein skodespelar med solid integritet. Vedkommande har vore ved Det Norske Teatret meir eller mindre samanhengande sidan debuten i 1978. Før det fekk skodespelaren utdanninga si også ved teatret si elevskule.

Ho har markert seg i sterke roller innanfor ulike genrar, i ulike format, - frå det intime til det storslagne og gjerne i samtidsdramatikken.

Ho har spelt Hedvig i Ibsens Villanden, Anna i Norens Personkrins 3:1, Lilly i Bikubesong av Frode Grytten, fleire roller i Bibelen, og i dei seinare åra medverka i Tjue tusen sider av Bärfuss, Shockheaded Peter av Crouch/McDermott, Ingenting av meg av Arne Lygre, Fulle folk av Vyrypajev, og no er ho å sjå som Frigg i Edda av Fosse/Wilson.

Ho har utvikla seg til å bli ei leiande kraft i ensemblet ved Det Norske Teatret. I tillegg til å vere ei hardtarbeidande, samvitsfull og særs dyktig skodespelarinne, er ho ein ypparleg språkleg formidlar som tek den nynorske teatertradisjonen vidare. Ho er stilsikker og alltid medviten om dei språklege verkemidla sine". 

Huld Garborg-stipendet har tidlegare vorte utdelt til blant anna Frank Kjosås (2013), Svein Erik Brodal (2011) og Hildegunn Riise (2009). 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO