Gå videre til innhold
Hulda Garborg-stipendet 2015 til Unn Vibeke Hol

Pressemelding -

Hulda Garborg-stipendet 2015 til Unn Vibeke Hol

Hulda Garborg-stipendet for 2015 går til Unn Vibeke Hol, skodespelar ved Det Norske Teatret. 

Juryen seier dette om prisvinnaren:

"Dette er ei kvinne med lang fartstid på Det Norske Teatret. Ho blei tilsett på teatret i 1974, rett etter at ho kom ut frå Statens teaterskole. Sidan har ho hatt meir enn 80 roller på dette teatret som dekker eit svært breitt lerret frå ei ung Julie til ein litt eldre Nasse Nøff.

Ho har også medverka i fleire filmar og fjernsynsproduksjonar. Ikkje minst har ho utmerka seg som stemmeskodespelar. Ho har gjeve stemme til ei mengd figurar i eit utal filmar og fjernsynsproduksjonar for barn. Ho er ein særs stødig tekstformidlar og opplesar. Det er òg sjølvsagt å nemne hennar særlege interesse for og kjærleik til Oskar Braaten, og hennar eiga Braaten- framsyning, Mens hjula står, ved sida av andre Braaten-oppsetjingar på Det Norske Teatret."

Huld Garborg-stipendet har tidlegare vorte utdelt til blant anna Frank Kjosås (2013), Svein Erik Brodal (2011) og Hildegunn Riise (2009).

I juryen sit IdaLou Larsen, Carl Morten Amundsen og Paul Ottar Haga.

Hulda Garborg-stipendet er på 10.000 kr.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO