Skip to main content

Humoristisk roman om ihuga nynorskingar

Pressemelding   •   okt 01, 2012 09:00 CEST

Kom ikkje inn i mitt hus av Arnfinn Kolerud handlar om den uendelege språkstriden mellom nynorsk og bokmål. Innbyggarane i den siste, trassige nynorske landsbyen Vassbygda står steilt i mot presset frå bokmål og engelsk.

Bendik Uføre veddar huset sitt på at han skal få heile det norske folket til å samle på nynorske diktarkort. Det skal han greie med hjelp av makelause premiar og Enella Frø, ei dame som har forlese seg på dikt og som er sterkt plaga av tankesprang. Snart vekker dei nynorske diktarkorta harme og glede og tjuvar over heile landet. Austlendingane held krisemøte og ein minister i regjeringa må ta sin globus og gå.

Forfattar Kolerud  fortel at har har lånt utgangspunktet frå Asterix og dei andre gallarane sin kamp mot dei mektige romarane.

-Men nynorskingane i Vassbygda har ikkje styrkedråpar. Dei må forsvare seg med nynorsk kultur. Dei lagar samlekort av dei 20 framste nynorske diktarane og håper at korta skal bli like populære som fotballkort, russekort og monsterkort, seier Kolerud.

Arnfinn Kolerud (f. 1968) er frå Isfjorden i Romsdal. Han debuterte i 1996 med Berre ikkje brøyteplogen kjem og har seinare skrive bøker for både barn, unge og vaksne. Kom ikkje inn i mitt hus er andre bok i Vassbygda-trilogien. Første bok, Når ein først skal skyte nokon, kom i 2010.



Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar