Skip to main content

I den nye boka "Ro mitt hav" har Anne Marit Jakobsen samla sine favoritt Jon Fosse-dikt

Pressemelding   •   sep 23, 2019 11:23 CEST

Anne Marit Jakobsen har valt seg det aller beste frå Jon Fosse sin lyrikk i boka Ro mitt hav. Sidan 1986 har Fosse gitt ut ei rekkje diktsamlingar, blant anna Engel med vatn i augene, Auge i vind, Songar og Stein til stein. I lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølgjer og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid er slyngde saman, og grensa mellom liv og død er gjerne viska ut. På spørsmål om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, elles så gjer ein det ikkje.»

No har skodespelaren Anne Marit Jacobsen gått gjennom alle dikta til Jon Fosse og valt ut dei ho likar aller best. Jacobsen er ein av dei fremste Fosse-formidlarane her i landet. Særleg kjend er ho for tolkinga av Jon Fosses roman Morgon og kveld på Nationaltheatret. Oppsetjinga blei ein stor suksess og hausta glitrande kritikkar.

-Det er ingen grunn til å vere redd for Jon Fosse, seier Anne Marit Jacobsen. Boka inneheld eit forord der Jacobsen fortel om si oppleving av Fosses diktarunivers.

Denne hausten vert Jon Fosse 60 år, han er eit av hovudnamna på bokmessa i Frankfurt og vert feira med festivalar i både Oslo, Bergen og Strandebarm.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.