Gå videre til innhold
Ikkje denne guten!

Pressemelding -

Ikkje denne guten!

Ein underdog tar grep

Håkon er yngste son i ein smedfamilie som
er sterkt prega av den ubereknelege faren. Håkon tyr til dei midla han har lært – hard sjølvhevding – for å løfte seg ut av rolla si som underdog. Vi følgjer han i kamp og kjærasteri, i smertelege møte med jamaldringar og vaksne, ein gløgg, liten gutjævel som ser nye impulsar i tida lokke frå verda der ute og true med å dra frå han andre unge menneske han knyter seg til.

Handlinga i romanen er lagt til eit smelteverkssamfunn på 1960-talet, då eit slikt lukka industrisamfunn enno kunne hevde klassegrenser du ikkje kryssa utan å måtte svi for det. Men verda er i endring, og endringar er som oftast smertefulle. 

- Det er to ting ved industrisamfunn av denne typen som er fascinerande. Det eine er det dei faktisk driv med, å hente opp mineralar eller smelte dei: Dei er den biten av samfunnet som mest intenst formar natur om til kultur, fjell til sivilisasjonens byggesteinar, jern til godt stål for krigsvåpen, om du vil. Det andre er at eit slikt samfunn er ei komprimert utgåve av motsetningane i samfunnet, seier Forfang. 

Åsmund Forfang (f. 1952) debuterte i 1972, og har sidan gitt ut fleire romanar, noveller og
ein fantasyroman for ungdom. Han arbeider som språkvaskar og omsetjar. Forfang har også skrive fagbøker, deriblant Hundre år med et smelteverk. En beretning om livet i Kopperå (2000) og Kvinnene i gruvesamfunnet Løkken Verk (2004). Han bur i Orkdal i Sør-Trøndelag. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO