Gå videre til innhold
Ingunn Thon debuterer med sprelsk barneroman!

Pressemelding -

Ingunn Thon debuterer med sprelsk barneroman!

Spennande, gripande og morosam barneroman

I ei tid der mange barn lever med nye familiekonstellasjonar med mine, dine og våre, skriv Thon gripande og morosamt frå barnets perspektiv.

Eg ville skrive om opplevinga rundt ein ny familiekonstellasjon fordi det er mange barn i dag som må takle det. Eg håpar dei kan finne trøyst og forståing i Ollis og hennar situasjon, seier Thon.

For heime hos Ollis og mamma er ting nemlig snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var.

Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit?

Ein spennande barneroman (6-9 år) om vennskap, familie og mot!

Boka har lanseringsdato 20.feb. Det blir sleppfest same dato på Sentralen i Oslo kl. 20.00: https://www.facebook.com/events/1831566687113183/

Illustrert av Nora Brech.

Ingunn Thon (f.1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Julemorgen. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå journalistutdanninga ved NRK Nynorsk mediesenter.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO