Gå videre til innhold
Ingvar Nistad med ny diktsamling

Pressemelding -

Ingvar Nistad med ny diktsamling

Poetisk dialog mellom far og son

Ingvar Nistads tredje diktbok er eit sårt og treffande portrett av forholdet mellom ein son og ein far. Først er det sonen som har ordet. Han er på vitjing hos faren, ein verdsvand mann, ein som har venner, ein som har kunnskapar. Den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan. No er det faren som snakkar. Han snakkar til sonen, han pratar med seg sjølv, og han talar til veggene. Til sist, er det berre nynninga.

dò, dò, dò dò,

dò dò dò dò dò dò dò dò, dò, dò, dò dò,dò dò dò dò dò dò

Ingvar Nistad (f. 1954) er frå Fjaler.
Han debuterte med diktsamlinga Eg les denne steinen i 2000. I 2008 ga Nistad ut si andre bok, Dagane i Cholpon-Ata. Her presenterer han eit heilt særeige univers der forteljaren vandrar ved innsjøen, i gatene og sit i hagen under frukttrea. Slik er dagane i Cholpon-Ata, og slik flettar forteljingane seg saman til ei diktbok heilt utanom det vanlege.

Under Säfstaholmen er Nistad si tredje bok. Først er det ein son som har ordet, han vitjar faren; den geografiske ramma er Pfalz. Sidan er staden ein annan, og no har faren ordet; han pratar med seg sjølv, han talar til veggene.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO