Gå videre til innhold
Instagramfenomenet Ida Skivenes lanserer kokeboka "Leik med maten"

Pressemelding -

Instagramfenomenet Ida Skivenes lanserer kokeboka "Leik med maten"

Ida Skivenes deler matglede og kreative frukostar med 150 000 følgarar frå heile verda på Instagram under namnet idafrosk. No er ho klar med boka Leik med maten som kjem ut på både norsk og engelsk. Eat your art out som den engelske utgåva heiter vert distribuert m.a. via Amazon. Samlaget er utgjevar av begge bøkene.

Lansering i Mathallen i Oslo 31.8. kl 11, Frukost og matlagingstund for heile familien. Du får lov til å leike med maten og få tips og råd frå Ida Skivenes. Begrensa plass, påmelding til forlaget: m.hvamstad@samlaget.no

Ida Skivenes meiner mor di tok feil, det er lov å leike med maten! Og det treng ikkje vere kjedeleg å ete sunt. Med enkle grep kan ei vanleg brødskive bli eit lite kunstverk, ja, rett og slett matkunst. Kva med isbjørngraut, ape-pannekaker, Raudhette av jordbær og kiwi, eller brødskive med Munch-motiv? Eller kanskje du heller vil lage Big Ben, Taj Mahal eller Oslo rådhus? Her får du mange idear til sunn og god mat som er moro for både store og små.

Dei artige frukostane er laga med enkelt utstyr og lett tilgjengelege ingrediensar, og mange av dei tar berre 5–15 minutt å få ferdige.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO