Gå videre til innhold
Irene Ahnéll debuterer med morosam bildebok om leggetid

Pressemelding -

Irene Ahnéll debuterer med morosam bildebok om leggetid

Morosam bildebok om leggjetid!

Klara får ikkje sove. Ho gjer alt ho kan for å få det til, som å drikke litt ekstra vatn, ta ein ekstra tur på do og prøve å få mamma til å syngje endå ein nattasong. Men same kva Klara gjer, er ho like pling vaken.

Og det blir ikkje enklare når monsteret i skåpet heller ikkje får sove!

Boka er illustrert av Elisabeth Moseng. 

18.08 blir det lanseringsfest for boka og premiere på teaterversjonen på Barnas Kulturhus i Bergen. Sjå meir om arrangementet på Facebook: https://www.facebook.com/events/181390686009487/

Irene Ahnéll (f. 1971) bur i Bergen, der ho arbeider som skodespelar og regissør. Ho er kunstnarleg leiar for teaterkompaniet Krabatene, som særleg lager teater for barn og unge. Pling vaken er debutboka hennar. 

Elisabeth Moseng (f. 1967) er illustratør og forfattar. Moseng er utdanna ved Westerdals i Oslo og Kingston University i London. Ho er tilknytt illustratørfellesskapet Illustratørene i Oslo.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO