Gå videre til innhold
Jan Roar Leikvoll ute med ny roman - om makt, svik og kjærleik

Pressemelding -

Jan Roar Leikvoll ute med ny roman - om makt, svik og kjærleik

Jan Roar Leikvoll er ein av dei sterkaste og mest originale stemmene i ny, norsk litteratur. No er den kritikarroste forfattaren klar med ein ny roman, Bovara. Det har blitt ei eventyrleg bok om makt, svik og kjærleik. Nok ein gong foreinar Leikvoll det vakre og det grusame i ein særeigen skrivestil.

Bøkene til Leikvoll er kjenneteikna av eit brutalt, rått, men samtidig vakkert og kjenslevart språk, der yttergrensene av menneskelig erfaring blir portrettert med nådelaus realisme. Leikvoll er ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar, og for dette har han hausta unison ros frå kritikarar og lesarar: Debuten Eit vintereventyr blei omtalt som ein «mirakuløs debut», mens Fiolinane har blitt kalla eit mesterverk. Jan Roar Leikvoll er blitt samanlikna med internasjonale forfattarar som Cormac McCarthy, og hans kompromisslause og kritikarroste forfattarskap er blant dei mest spennande her til lands.

Sjølv seier Leikvoll dette om det mørke i litteraturen hans:

-I utgangspunktet er eg ikkje opptatt av mørke ting. Men som forfattar liker eg å bryte grenser, eg er nyfiken på kva som går an å skrive om. På dette stadiet i livet fungerer det mørkre best som litterær drivkraft for meg, samfunn og menneske og relasjonar som er heilt på bristepunktet. Men i kvar bok er det håp, sjølv om mørkret er dominerande.

Om Bovara:

Frrok er gartnar i klosteret ved landsbyen Bovara, men når hans venn Flori forlet hagearbeidet for å arbeide med ei bok i tårnet, blir Frrok åleine med innhaustinga og hagestellet. Og tilveret hans blir kasta heilt på hovudet når ei prostituert jente på flukt bankar på døra til klosteret. Frrok gøymer henne i kjellaren, og oppdagar med eitt at han har makt over liv og død. Bovara er ein eventyrleg roman om makt, svik og kjærleik. Nok ein gong foreinar Leikvoll det vakre og det grusame i sin særeigne skrivestil.

Frå meldingar av Bovara:

"Jan Roar Leikvoll skriver litteratur som river. (...)Selv om den er uutalt, mener jeg Jan Roar Leikvoll formidler en advarsel mot maktmisbruk, mot lukkede miljøers selvjustis, mot forråelse av samfunnets sosiale prosjekt, et prosjekt som er mer sårbart enn vi liker å tro."

Anne Cathrine Straume, NRK

"De mestavskyelige handlinger er skrevet frem i et følsomt, ladet språk, og slik oppnår forfatteren en helt særegen effekt. Vi vemmes samtidig som vi opplever en estetisk nytelse"

Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten

Jan Roar Leikvoll (f. 1974) debuterte med romanen Eit vintereventyr i 2008. Både den og Fiolinane (2010) utspelar seg i fantastiske univers, men er samstundes brutalt realistiske og eksistensielle. Leikvoll er frå Frekhaug i Nordhordland og har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO