Skip to main content

Jan Roar Leikvolls siste roman selt til Danmark

Pressemelding   •   sep 04, 2014 09:00 CEST

Forlaget Vild Maskine har kjøpt Jan Roar Leikvolls siste roman, Songfuglen for utgjeving i Danmark.  Dette er første gong eit utanlandsk forlag kjøper ein av romanane hans. Boka kjem ut i Danmark i 2015. Det er Hagen Agency som er utanlandsagent for Leikvolls bøker.

Forlaget skriv i grunngjevinga for kjøpet:  «I en tid, der fortsat er domineret af tyndbenede krimier og letfordøjelige thrillervariationer er det os en fornøjelse at stifte bekendtskab med Leikvolls stemme. En stemme som både er langt mere kompliceret og langt mere poetisk end dem, der på det seneste har lydt over de skandinaviske lande. En stemme som giver os håb om, at det fortsat er muligt at opdrive 'stor' litteratur, der ikke blot skal underholde men også udfordre dybere egne af vores menneskelighed og stille større krav til os som læsere.  Leikvoll fortjener læsere og læserne fortjener Leikvoll!"

Songfuglen kom ut i 2013 og fekk svært god mottaking,  som Leikvolls tidlegare romaner.  Eit større utdrag fra Songfuglen vart omsett  til engelsk og inkludert i den første norske utgåva av Granta som kom i fjor.

Forfattaren Jan Roar Leikvoll gjekk bort 31. juli i år.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy