Skip to main content

Jens Kihl er ute med boka "Dette er også Noreg. Kommunal feelgood"

Pressemelding   •   sep 02, 2019 11:25 CEST

Jens Kihl. Foto: Bjørn Bøe

Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. I den nye boka "Dette er også Noreg. Kommunal feelgood" følgjer vi journalisten Jens Kihl turen rundt til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri?

Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. 

Vi møter Malin som er lærar på Noregs minste skule på Finnskogen. Vi tek turen til trønderordføraren i Røyrvik , ein stad som har vunne noregsmeisterskapen i fråflytting, men som nektar å gi opp. Vi prøver å finne ut kor mykje Bremanger kommune eigentleg brukte på ein tilflyttingsvideo med Madcon. Vi dreg på strikkekafé i Loppa og på kommunessafari med ordføraren i Hasvik.

Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt bra, eller er det nettopp slik vi kan sikre gode lokalsamfunn for framtida?

Frå bokmelding:

Kihl skriv lett og morosamt og gir meg både aha-opplevingar og refleksjonar. [...] Kihl, som er oppvaksen på Oslo vest, er også driven av ein djup respekt for fotfolka i det norske lokaldemokratiet og eit sympatisk ønske om å oppleva og forstå meir av dette mangslungne landet.
Tom Hetland, Stavanger Aftenblad/ Bergens Tidende⠀⠀

Jens Kihl (f. 1986) er kommentator i Bergens Tidende. Han har tidlegare vore journalist i Klassekampen og nestleiar i Noregs Mållag.⠀⠀

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.