Skip to main content

​Jon Fosse flyttar rettar til ny, norsk agent

Pressemelding   •   jan 09, 2017 09:30 CET

Jon Fosse har overført agentrettar for sal til utlandet frå tyske Rowohlt til nye Winje Agency, etablert av Gina Winje i 2016. På kort tid har Winje forhandla meir enn femten kontraktar for ulike verk av Jon Fosse. 

– Interessa for Fosse er svært stor i utlandet, seier Winje.

Til no er Fosse omsett til over førti språk, og nye kjem stadig til. - Det er spesielt gledeleg at dikt, essays og skodespel er etterspurd, sjangrar som sjeldnare vert omsette eller publiserte. Forleggjarar, teatre, omsetjarar og akademikarar over hele verden utdjupar og formidlar Fosses forfatterskap gjennom teaterframsyningar, bokutgjevingar og avhandlingar. - Til no har dramatikaren Fosse vore mest kjend internasjonalt, men no vert prosaen i stadig større grad omsett og gitt ut. Også hans prisløna barnebøker er aktuelle for sal til utlandet, legg Winje til.

Dikt i utval kjem snart ut på fransk, Hertervig-romanene Melancholia I og II er under omsetjing til tyrkisk, og Det er Ales til brasiliansk-portugisisk og tyrkisk. Det engelske forlaget Fitzcarraldo Editions har sikra seg rettane til prosaverk under arbeid, Septologien,. - Dei to første bøkene i romanverket Septologien skal lanserast internasjonalt på fleire språk under bokmessa i Frankfurt i 2019, då Noreg er hovudland, sier Winje.

Jon Fosse (f. 1959), bur i Statens æresbolig Grotten, og er ein av dei mest spelte samtidsdramatikarane i verda. Fosse har fått fleire ærefulle prisar og utmerkingar. Han har dei siste åra blitt nemnt som ein sterk kandidat til Nobelprisen i litterarur.   Gina Winje har lang erfaring fra norsk og internasjonalt kulturliv. Ho har tidlegare blant anna arbeidd som litterær forlagsagent og vore direktør i NORLA, kontoret for norsk litteratur i utlandet.

Kontakt:

Winje Agency v/ Gina Winje, tlf: 918 41 150

https://www.facebook.com/winjeagency/

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar