Gå videre til innhold
Jon Fosse med ny diktsamling inspirert av Henrik Wergeland

Pressemelding -

Jon Fosse med ny diktsamling inspirert av Henrik Wergeland

I si nye diktsamling "Poesiar. Etter Henrik Wergeland" har Fosse skrive dikt inspirert av den tidlegare Grottebuaren.

Då Fosse i 2011 flytta inn i Grotten hadde han ikkje lese meir av Henrik Wergeland enn litteraturinteresserte nordmenn flest. Han gjekk i gang med å lese tekstar både om og av Wergeland. Fosse vart imponert over kor uhorveleg mykje Wergeland hadde skrive og feste seg særleg ved lyrikken hans. Fosse las og noterte sitat og anna i margen attmed dikta til Wergeland. Desse notata er utgangspunktet for denne samlinga.

Jon Fosse har skrive eigne dikt ut frå det han har teke med seg frå Wergelands lyrikk. Dette er skrift over skrift. Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna.

I etterordet seier Fosse dette om inspirasjonskjelda:

-Kor mykje som er Wergeland, kor mykje som er eg, det kan eg ikkje seia. Men det har vorte til eigne dikt, rett nok med mangt frå Wergelands dikt, for ikkje ein einaste engel, ikkje ei einaste stjerne, ikkje ei einaste tåre, er lagde til av meg. Det må seiast

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO