Gå videre til innhold
Juleroser frå Herborg Kråkevik

Pressemelding -

Juleroser frå Herborg Kråkevik

Herborg Kråkevik er redaktør for det nye juleheftet Juleroser. Med på laget som bidragsytarar har ho fått nokre av våre fremste forfattarar og biletkunstnarar mellom anna Herbjørg Wassmo, Karl Ove Knausgård, Jon Fosse, Vigdis Hjorth, Agnes Ravatn, Odd Nordstoga og Ørnulf Opdahl.

Juleroser var namnet på eit litterært julehefte som blei gitt ut mellom 1881 og 1944. Kråkevik vaks sjølv opp med dette heftet. No gler Kråkevik seg til å vidareføra denne tradisjonen til nye lesarar.

- Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las verka nye og vedkommande, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi.

Juleroser kjem ut for første gong i år, og er eit samarbeid mellom Samlaget og Egmont Publishing. Det er eit påkosta hefte der nokre av billedkunstbidraga kan nappas ut. Heftet skal distribuerast saman med Egmonts øvrige julehefter over heile landet frå slutten av november. Opplaget er på 40 000.

- Eg håper at Juleroser kan gi jul i hjarta, slik dei gjorde det for meg , og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, seier Kråkevik.

Herborg Kråkevik (f.1973) er ein av våre mest folkekjære artistar, og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, om det no er den franske kabaretforma;Herborgs verden, Eg og Edith, Kjære landsmenn, eller songane våre; Kråkeviks songbok. No er det dei litterære julehefta ho vil vekkje til livet.

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO