Gå videre til innhold
Kaisa Aglen ute med ny diktsamling; "Mellom krig"

Pressemelding -

Kaisa Aglen ute med ny diktsamling; "Mellom krig"

Tekstane i Kaisa Aglens andre diktutgiving kretsar kring krig, språk og avstand. Vi rører oss i landskap som stadig trekkjer seg unna blikket som ser, og der vi stadig må skifte perspektiv. Noko har skjedd, kjem til å skje, burde ikkje skje, men skjer likevel. Kven har ansvar? Korleis leve med skuldkjensle og maktesløyse, korleis vere heime i verda i møte med det vonde? Aglen lèt ulike geografi ar og språksfærar smelte saman i ein tekst prega av sterkt poetisk gehør, eit presist blikk og gjennomført rytmesans.

       Soldatane står att på stranda. Vi

gløymde å sende dei ut. Bølgene slår. Vatn mot bein.

    Dei er våre og valden som fell frå auga. Lik 

skarpe skjel i sanden. Ei historie av mineral.

Kaisa Aglen ((f. 1985) debuterte med Kvar i kroppen sit ingenting i 2012. Mellom krig er den andre boka hennar. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO