Gå videre til innhold
Kari Stai med klok bok om det som rører seg i hovudet

Pressemelding -

Kari Stai med klok bok om det som rører seg i hovudet

Vakker og klok bok om det som rører seg i hovudet vårt av fantasi og tenkte katastrofar

- Eg ønskjer å formidle til barna, at fleire enn dei kan ha krevande tankar. Og at tankar kan delast, for da blir dei ikkje så tunge. At tunge tankar sprekk når dei kjem i sola, som trolla gjer, seier Kari Stai. 

I boka Tankespinn møter me Ada. Ho er god til å fantasere, og med fantasien tek Ada både seg sjølv og bestevennen Rolf lett opp i verdsrommet.

Rolf blir alltid med Ada på det flygande teppet hennar og i kastanjeraketten. Men då den nye jenta kjem inn i gata med ein trampoline, vil heller Rolf ned og få fart og spenning på ekte. Tankane til Ada slår knute og blir tunge som store steinar.

Med Tankespinn har Kari Stai skrive og illustrert ei forteljing om alle dei tankane som kan krølle seg som spagetti inni eit lite hovud, og kva som kan skje når ein tenkjer utan å dele tankane sine med nokon. 

- Eg håpar Tankespinn vil gi barn ei oppleving av å bli forstått og sett som bærarar av krevande tankar. For ungar har ikkje lang livserfaring nok til å kunne vite heilt kva tankar faktisk er, og at tankar eigentleg berre er fantasi og luft, seier Stai.

Boka har lanseringsdato 22. august. 

Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette til fleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO