Skip to main content

Kathrine Gregersen aktuell med "Strikk meir til nøstebarn"

Pressemelding   •   sep 09, 2014 10:00 CEST

Boka Strikk til nøstebarn kom i 2007 og vart ein stor suksess. No kjem oppfølgjaren: Kathrine Gregersen har utvikla nye oppskrifter og laga boka Strikk meir til nøstebarn. Ingen av oppskriftene er publiserte tidlegare. Plagga er også denne gongen prega av begeistringa for det enkle og praktiske. Gregersen likar fine og gode bruksplagg som er enkle og artige å strikke.

Denne boka inneheld flest oppskrifter til barn og fleire til vaksne enn den første boka, men også gode babyoppskrifter. Dei fleste oppskriftene er lette å strikke, men på nokre er det litt meir å bryne seg på. 

Kathrine Gregersen (f. 1975) er utdanna faglærar i kunst og handverk. Ho starta opp Nøstebarn-butikken i Oslo, og arbeidde i mange år med produktutvikling og marknadsføring for Nøstebarn. Kathrine Gregersen held kurs og inspirasjonsforedrag for ungdom og vaksne. Gregersen har tidlegare gitt ut boka Strikk til nøstebarn(2007) og Brukt på nytt (2008).

Boka vert lansert onsdag 10.september kl 19.00 på Hos Naboen i Markensgate, Kristiansand. 
Sjå Facebook for informasjon om lanseringsfesten:  https://www.facebook.com/events/728955133806444/?fref=ts


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy