Pressemelding -
Knut Aastad Bråten ny redaktør i Syn og Segn
Knut Aastad Bråten ny redaktør i Syn og Segn
Knut Aastad Bråten (37) er tilsett som ny redaktør i Syn og Segn. Han kjem frå stillinga som redaktør for bladet Folkemusikk, der han har arbeidd sidan 2007. Han er utdanna kulturhistorikar frå Universitetet i Oslo, er aktiv som musikar og bur i Valdres. Aastad Bråten overtek stillinga etter Bente Riise som har vore redaktør i sju år.
Aastad Bråten har klare mål for utviklinga av Syn og Segn, som har vore kåra til årets tidsskrift i både Noreg og Norden i 2010.
- Eg ynskjer å gjera Syn og Segn til ein premissgjevar i det breie offentlege ordskiftet. Syn og Segn skal drøfte og belyse viktige, dagsaktuelle, men også underkommuniserte og lite belyste tema – både i dei motkulturelle miljø og innan kultur, samfunn og vitskap i vid forstand.
John-Ragnar Aarset, styreleiar i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, er svært glad for tilsettinga av Aastad Bråten.
- Knut er audmjuk i høve til at han tek over ein arv av tradisjon og kvalitet - som også vinn prisar. Samstundes har han klare idear om korleis han vil løfte Syn og Segn vidare og nå ut til fleire lesarar. Som redaktør i bladet Folkemusikk har Knut synt at han kan løfte og modernisere, samstundes
som føtene står godt i tradisjonen.
Syn og Segn er eit allmennkulturelt tidsskrift som vart starta i 1894 av Arne Garborg og Rasmus Flo, og har eit vidt spenn i tema innan kultur, politikk og samfunn.
Kontakt:
Knut Aastad Bråten: 907 68 797
John-Ragnar Aarset: 930 37 693
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.