Gå videre til innhold
Kommunion 2017

Pressemelding -

Kommunion 2017

Tale om fellesskapen i vår tid

Hundre år etter den russiske revolusjonen og fem hundre år etter reformasjonen oppstår ein diktarleg tale om fråvær av fellesskap i vår tid. Er fellesskapen død? Og om så er: Er det mogleg å vekkje han opp? Leif Høghaugs andre diktbok utforskar ein idé om korleis fortidas messianisme kan verke i notida for å skape ei ny framtid.

Kommunion 2017 blir til i spennet mellom lyrikk og prosa, elegi og humor, dialekt og skriftspråk, og som heilskap framstår det som ein samtale med ei rad messianske forfattarar: Marx, Luther, Dante, Shakespeare, Lenin, Hölderlin, Yeats, Joyce …

Boka har lanseringsdato 20.okt. 

Leif Høghaug (f. 1974) debuterte med diktsamlinga Fama i 2012. Han har mellom anna omsett Julian T. Brolaski og Det kommunistiske partis manifest til norsk og arbeider med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO