Skip to main content

Kristin Auestad Danielsen om kvardagane som rommar livets drama

Pressemelding   •   sep 24, 2019 11:35 CEST

Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen er klar med diktsamlinga Sterke kjensler og andre dikt. I tradisjonen etter Olav H. Hauge og Gertrude Stein har ho skrive ei samling dikt om heimstaden, heimen, romma vi bur i, og tinga vi omgir oss med. I eit lett og leikent språk som samtidig er prega av eit eksistensielt alvor, skriv ho om å vere barn, om å bli vaksen og om å vere mor, om fellesskapen mellom mor og dotter og om alle kvardagane som rommar livets drama.

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er forfattar og dramatikar. Ho debuterte med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyeri 2005. Ho har fått oppført teaterstykke i Danmark og Noreg og skrive fleire kritikarroste diktsamlingar. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle. Teaterversjonen av Vår vesle blei sett opp på Det Norske Teatret hausten 2018. 

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.