Gå videre til innhold
Kristina Leganger Iversen ute med ny roman, "I ringane"

Pressemelding -

Kristina Leganger Iversen ute med ny roman, "I ringane"

LANSERINGSFEST PÅ MONO, OSLO, 23.4. KL 1930

I ringane er ei forteljing om identitet, kjønn og makt: Om kroppen som grense for alt vi kan bli, og alt vi kan vere. Kristina Leganger Iversen skriv urovekkjande og eksplosivt om tema som ansvar, fridom og leik, og om valden som kviler over alt som ein skugge.

Jo ligg på baderomsgolvet under ein heimeabort. Korleis hamna ho her? Korleis kunne kjærleiken bli vond og umogleg å gi vidare? Gjennom fragment frå barndom og vaksenliv ser vi korleis Jo motvillig veks inn i denne kvinna som kjenner livet ebbe ut av seg. Dei ulike situasjonane som flimrar gjennom minnet, handlar om korleis vi leiker med kvarandre, som søsken, i familierelasjonar, i parforhold, om at leiken aldri berre er ein leik: For kven bestemmer reglane, når er vi frivillig med på leiken, og i ytste konsekvens: Når er det ikkje lenger berre ein leik? Jos relasjonar til broren Iben, faren, mora og kjærasten utforskar dei ulike nivåa av sosiale spel ein inngår i.

KRISTINA LEGANGER IVERSEN (f. 1989) er frå Åsane, men bur no i Oslo. Ho debuterte med diktsamlinga Hjartemekanikk i 2011. Iversen har gått på Litterär Gestaltning.

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO