Gå videre til innhold
Kva er vi villige til å gjere med ord?

Pressemelding -

Kva er vi villige til å gjere med ord?

Gjennom essay og forteljingar i poetisk form spør Thalia Field kva vi er villige til å gjere med ord. Ho utforskar historieforteljing som verkemiddel og eksperimenterer med litterære sjangrar. Sentralt for Field står spørsmålet om korleis vi bygger opp forteljingar, og kva forteljingane gjer med oss som fortel dei. I Fugleelskarar, bakgard skriv ho skarpt og med eit oversyn som dekker så vel biologi og psykologi som fysikk, arkitektur og kunst.Vitskapsfolk, filosofar, dyr og jamvel militæret blir plasserte i verkelege og oppdikta hendingar, og forfattaren tek inn så forskjellige storleikar som duer, chatterom, testing av atomvåpen, bygginga av Kennedy Space Center og rasehygiene. Field blandar saman fakta og fiksjon og sonderer dei porøse grensene mellom det menneskelege og det dyriske.

Ho tar for seg dei komplekse relasjonane mellom dyr og menneske og viser korleis synet vårt på dyra smittar over  på korleis vi ser oss sjølve. Resultatet kan bli absurd, som når vi overfører menneskelege eigenskapar på duer som har vore i militærteneste, og dekorerer dei med medaljar og «livspensjon», men òg tragisk, som når framavling av dyr blir tatt til inntekt for menneskeleg rasepolitikk, slik tilfellet var med arbeida til den austerrikske ornitologen og dyrepsykologen Konrad Lorenz under naziregimet i Tyskland. 

Thalia Field (f. 1966) kjem frå Chicago og er kjend for sin innovative prosa og sitt sjangeroverskridande uttrykk. Ho underviser i eksperimentell fiksjon og performance på Brown University i Providence, Rhode Island.

Gjendikting og etterord ved Rune F. Hjemås.

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO