Gå videre til innhold
Kva gjer det  med gudstrua å miste eit barn? Alf Kjetil Walgermo med ny bok.

Pressemelding -

Kva gjer det med gudstrua å miste eit barn? Alf Kjetil Walgermo med ny bok.

I Du som er i himmelen går Alf Kjetil Walgermo i møte med dei store spørsmåla. Etter å ha mista eit barn rett før fødselsterminen blei han og kona kasta inn i eit eksistensielt mørke. Går det likevel an å tru på ein god Gud? Å tru på ein Gud i det heile?

Kva gjer det med gudstrua når ein mistar eit barn? Å skrive om eiga tru er i ein viss forstand å kle seg naken. Kristen tru er verken eit paradenummer eller eit vasstett system. Trua er ein liten og sårbar ting. Noko det kan vere skummelt å vise fram.

Walgermo undersøkjer nokre av grunnsteinane i den kristne trua. I ein modig og personleg tekst tek han oss med inn i den djupe sorga over å ha mista eit barn, og korleis dette har påverka hans eige livssyn. I kontrast til mørket står det kristne håpet om nytt liv og nytt lys. Er det ei desperat handling å slutte seg til eit slikt håp? Med gravferda til dottera som ramme går Walgermo til kjernen av den kristne bodskapen. Kva betyr denne bodskapen for han? Og er trua noko som står seg i Noreg i vår tid?

Boka er ein del av serien Norsk røyndom.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sunnmøre og er busett i Oslo. Han har skrive fleire kritikarroste bøker for barn, ungdom og vaksne og er omsett til ei rekkje språk.  Til dagleg jobbar Walgermo som kulturredaktør i Vårt Land. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kontakter

Karin Helgøy

Kommunikasjonssjef 97019865

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO