Skip to main content

Kva skal vi med sidemål?

Pressemelding   •   feb 06, 2013 13:17 CET

Når Kunnskapsdepartementet no har varsla omfattande endringar i læreplanen i norskfaget, er sidemålet i hardt vêr. Janne Nygård og Vebjørn Sture er aktuelle med pamfletten Kva skal vi med sidemål? der dei gjer skikkelege svar, og argumenterer for kvifor det å kunne både nynorsk og bokmål er viktig for elevane.

Er norskundervisninga god nok? Og korleis burde norskfaget eigentleg sjå ut? Forfattarane tek opp fordelane med å lære både nynorsk og bokmål, og korleis vi kan lukkast med det. Med bidragsytarar som Øystein Vangsnes, Gunnar Skirbekk og Eli Bjørhusdal tek pamfletten føre seg både den faglege og den politiske sida ved spørsmålet. Denne boka er både for dei som berre vil ha svar på kvifor vi har sidemål i skulen, og for dei som leitar etter harde fakta og gjennomtenkte resonnement.

Vebjørn Sture (1987) er møbelsnikkar og leiar i Norsk Målungdom. Janne Nygård (1989) er student, redaksjonssekretær i Syn og Segn og nestleiar i Noregs Mållag.

Boka blir lansert med på Litteraturhuset i Bergen torsdag 7.2. kl 20, og hos Fritt ord i Oslo 14.2.  

Forfattarane møter politikarar og lærarar til debatt i Bergen om sidemålet sin plass i det framtidige norskfaget.

I tillegg til forfattarane møter desse i Bergen:  Øystein Hassel - leiar i Bergen AUF, Erik Skutle - leiar i Hordaland Unge Høgre,  Steinar Nørstebø - leiar i Hordaland  SV og landsstyremedlem i SV, og Kjersti R. Solbu-  dagleg leiar i LNU (Landslaget for norskundervisning).

Møteleiar Hilde Sandvik, debattredaktør i BT.

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar