Gå videre til innhold
Lansering av biografi om Olav Dalgard

Pressemelding -

Lansering av biografi om Olav Dalgard

Boklansering med filmvisning på Cinemateket - Dronningens gt 16, 13.8. kl 18. Biograf Jan Olav Gatland innleier og visning av Olav Dalgards spelefilm "Gryr i norden" frå 1939 om landets første kvinnestreik, fyrstikkarbeiderstreiken i 1889.

Olav Dalgard (1898–1980) var ein av dei mest aktive kulturarbeidarane Noreg har hatt, ein markant pioner innan film og teater. Han var ein sentral aktør i norsk kultur- og åndsliv i over 50 år, også som litterat, målmann og humanetikar.

Med ei halv stilling som dramaturg på Det Norske Teatret gjennom femti år fekk han høve til å røre seg fritt mellom institusjonar og kunstartar. Han var aktiv i sosialistiske Mot Dag, laga ni filmar, sat på Grini og i Sachsenhausen under krigen, var kritikar i fleire aviser, skreiv fleire bøker og kjempa fram
teatervitskap som universitetsfag og ein offentleg teaterskule.

Biografien om Olav Dalgard er blitt ein kulturhistorisk gjennomgang av frontar, rørsler og institusjonar i det 20. hundreåret.

Jan Olav Gatland (f. 1949) er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Han har arbeidd som kritikar og omsetjar og i tillegg skrive ei rekkje artiklar og utgitt fleire
bøker om litteratur og teater, som Ord og orgasme. Ein biografi om Ola Raknes (2010), og Torvald Tu. Eit diktarliv (2008).

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO