Pressemelding -
Lansering av "Folket sa nei. Norsk EU-motstand frå 1961 til i dag" 25.11.
VELKOMEN PÅ LANSERINGSARR.: 25.11. kl 11 på Kulturhuset, Youngstorget. Med Cathrine Sandnes, (Manifest), forskar Bernt Aardal og forfattaren av boka, Dag Seierstad. Fleire Nei til EU-profilar vil vere til stades; Anne Enger, Hallvard Bakke, Guro Fjellanger, Jan Davidsen m.fl.
28. november i år er det tjue år sidan folkefleirtalet sa nei til medlemskap i EU. Dette markerer Nei til EU med ei illustrert jubileumsbok om EU-kampen; Folket sa nei. Norsk EU-motstand frå 1961 til i dag av Dag Seierstad.
Boka følgjer den norske EU-debatten frå det første demonstrasjonstoget rundt Stortinget i mars 1962 og fram til folkerøystinga i november 1994.
Her er alle milepælane og høgdepunkta med, båtstafetten, markeringa i Ullensvang, historia til alle fylkeslaga, markeringa i Tromsø, stjernemarsjen og sist men ikkje minst – gledestårene valnatta. Og som ein raud tråd gjennom framstillinga får forfattaren fram kva kampen eigentleg handla om. Kven sto mot kvarandre desse åra – og korleis blei EU-motstanden organisert?
Kva sto debatten om og korleis blei det mobilisert dei siste vekene? Og sist men ikkje minst: Kvifor vann nei-sida til slutt?
Dag Seierstad (f. 1936) er forfattar, samfunnsdebattant og politisk rådgivar for SVs stortingsgruppe om EU/EØS. Seierstad har tidlegare vore utgreiingsleiar i Nei til EU, leiar i Oppland Nei til EU og landsstyremedlem i SV.
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.