Skip to main content

Lansering: "Krigens skugge" av Ragnhild Kolden

Pressemelding   •   okt 18, 2012 11:34 CEST

Krigens skugge er ein dramatisk roman om søstre i etterkrigstida. På ein togperrong ein stad i Gudbrandsdalen står Dagny og ventar på søster si, Tea. Alle følgjer med dei, alle veit at det er tyskertøsa som kjem. Krigen kastar skugge over freden, både for dei som har vore på rett side og dei som var landssvikarar. Somme slepp unna straff, andre får svi i det uendelege. Det handlar om å gløyme og gå vidare, eller hugse og hemne. Og bygdedyret lever sitt eige infame liv, uavhengig av krig og fred.

Ragnhild Kolden (f. 1956) er frå Bøverdalen i Lom og bur i Oslo. Ho debuterte hausten 2010 med romanen I krig og kjærleik.Ho er også ein del av krimforfattarparet Kroken og Kolden som kom med krimboka Evig skal døden vera i 2011

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar