Pressemelding -
Lars Mæhle aktuell med oppfølgar til "Landet under isen"; "Dødeboka"
Dødeboka er ei råspennande fantasyforteljing der
gammelegyptisk religion dannar bakteppet. Boka er ein oppfølgjar til
Mæhles store suksess frå 2009, Landet under isen, som blei tildelt Kulturdepartementets litteraturpris, Uprisen, Fabelprisen og også vart nominert til Brageprisen og Ungdommens kritikarpris.
Leo Rubin, Den utvalde, får ei grufull utfordring: heimstaden Smalvik er igjen truga. Han må difor reise frå Smalvik til Karnak, tempelet lengst sør i Landet under isen. Leo må vere der innan vintersolkverv, det aller mørkaste døgnet i året. Og han får eit umogleg val: Døden. For han sjølv. Eller for vennane sine. Det er ei hemmeleg sekt, Soltempelordenen, som står bak. Og sektleiaren, den nådelause Hathor, skjuler seg ein stad i Smalvik.
Sekta førebur dommedag, saman med ein veksande hær livsfarlege kappekatter. Men først må dei få fatt i «Dødeboka», protokollen med svara på dødens gåter. Hathor trør over lik for å få fatt i skrifta. Men kven er ho? Kan etterforskar Magne Jerstad avsløre henne? Kan Leo klare det umoglege oppdraget i riket under isbreen? Og kan dei finne Dødeboka i tide?
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre.
Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og fekk sitt store
gjennombrot med Landet under isen i 2009.
Mæhle debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. I 2013 kom Mæhle med si første krimbok for vaksne, Den mørke porten, med psykolog Ina Grieg som hovudperson. Boka er selt til Tyskland og det prestisjetunge forlaget Ullstein Buchverlag satsar på Mæhle
på den tyske marknaden. Frå før har forlaget krimforfattararar som Jo
Nesbø, John le Carre og Lisa Marklund i stallen
Emner
Kategorier
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.