Gå videre til innhold
Lars Mæhle med ny kriminalroman!

Pressemelding -

Lars Mæhle med ny kriminalroman!

Intens krim om eit mørkt kapittel i norsk historie

Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne i marka. Saka viser seg å ha trådar tilbake til eit uløyst drap på ein rusmisbrukar på 1980-talet, men også til dunkle hendingar på Svanviken arbeidskoloni. Dit blei taterfamiliar tvangssende på 1960-talet for å lære seg «den norske, bufaste kultur».

Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga.

Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet.

- Eg har alltid meint at krim- og spenningsbøker kan (og kanskje bør) ta opp viktige tema. Mange av nattesidene ved samfunnet vårt poppar fram i form av kriminalitet, og krimbøker kan slik sett spegle kvifor dette kan skje, og også kva for psykologiske mekanismar som ligg bak, seier Mæhle. 

Gjennom tett, suggererande historieforteljing har bøkene om Ina Grieg blikket retta mot kva som ligg bak kriminelle handlingar: Kvifor blir enkelte forbrytarar – og andre ikkje? Kva kan få eit menneske til å gå over eigne moralske grenser? Når er eit motiv sterkt nok til at det rettferdiggjer hemn?

Boka har lanseringsdato 23.feb. 

Lars Mæhle (f.1971 på Sunndalsøra) har skrive ei rekkje bøker for barn, ungdom og vaksne. Krimserien med psykolog Ina Grieg er kritikarrost og blir utgitt på tysk av Ullstein Verlag, som også har Jo Nesbø på si forfattarliste. 

Emner


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO