Gå videre til innhold
"Lesebok for jenter" av Solveig Aareskjold - lansering på Kvinnedagen 8. mars

Pressemelding -

"Lesebok for jenter" av Solveig Aareskjold - lansering på Kvinnedagen 8. mars

Boka blir lansert på kvinnedagen 8. mars, i samarbeid med Den mangfaldige Scenen og Det Norske Teatret. Vi får høyre utdrag av fem ulike forteljingar, og forfattar Solveig Aareskjold vil sjølv introdusere.

For tre tusen år sidan drøymde ei ung jente om å møte den store kjærleiken, og fann ein skipbroten utlending som var heilt avhengig av henne. Dette utdraget frå Odysseen står først i denne boka. Deretter følgjer tekstar frå romartida, vikingtida, renessanse og barokk, attenhundretal og nittenhundretal, fram til Suzanne Collins’ The Hunger Games frå 2008. Trass i kvinnefrigjeringa har det til no vorte henta fram lite eldre litteratur med jenter i hovudrolla.

Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til.

 Om forfattaren:

Solveig Aareskjold (f. 1949) er forfattar og har i ei årrekkje arbeidd med å gjere eldre litteratur kjend for vår tids lesarar. Sist utkomne bok er Valkyrjesong.Vikingtida i spenn frå Bysants til Island (2012).

Jentene som er med:

Thea Amalie Olsen Moen (17), Juliet Kvam (15), Marcella Reyes (13), Camara Lundestad Joof (25) og Ragnhild Hilt (68).

Kunstnarisk rådgjevar: Elisabeth Sand.

Om Den Mangfaldige Scenen

Den mangfaldige scenen er eit barne- og ungdomsteater eigd av Det Norske Teatret, Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag. Scenen har som mål å gi unge høve til å ta i bruk og utvikle skapande ressursar. Målet er også å få fram nye kunstnariske uttrykk unge har med seg, skape plattform for framtidas profesjonelle utøvarar og etablere nye fellesskap. DMS driv eit pionerarbeid innan kunstnarisk og kulturelt mangfald. 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO