Gå videre til innhold
Lesemeister – ny, digital leseteneste med spelelement

Pressemelding -

Lesemeister – ny, digital leseteneste med spelelement

Den digitale lesetenesta Lesemeister vil ved oppstart hausten 2017 få 300 boktitlar på nynorsk og bokmål for barn i grunnskulen. Tenesta, som er utvikla i samarbeid mellom Samlaget og ePekebok, er laga for å gjere lesetreninga sosial og morosam. Frå før finns ingen norske eller nordiske lesetenestar for barn av dette slaget. Lesemeister kan brukast på iPad, android-einheitar, Mac og PC. Nye titlar vil stadig kome til. No i vinter startar Giske, Eikemarka og Rømskog som testskular.

Funksjonaliteten inkluderer å utfordre vener til å lese favorittbøker, konkurrere om å samle lesepoeng med andre lesarar/klassar/skular, leselogg for læraren, og brukar får automatisk anbefaling av liknande bøker. Målet er å skape fleire, betre, og meir aktive unge lesarar.

- Litteraturen må vere der barna og ungdommane er, og då er det heilt naturleg å utvikle ein sosial leseteneste som Lesemeister. Vi ser at barn og unge sosialiserer mykje digitalt, så kvifor ikkje også gjere boklesinga både sosial og digital? Det er eit spennande prosjekt som eg har tru på vil lykkast, seier seniorredaktør og prosjektleiar i Samlaget, Ragnfrid Trohaug.

Kontakt for meir informasjon:

Samlaget: Ragnfrid Trohaug – mobil 957 70 347 – r.trohaug@samlaget.no

Epekebok: Bjørn Terje Bakken – mobil 932 35 323 - btb@tapbookauthor.com

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO