Gå videre til innhold
Mads Rage debuterer med post-apokalyptisk roman

Pressemelding -

Mads Rage debuterer med post-apokalyptisk roman

Eit skip siglar på fjorden, ein dokter lagar medisin som skal halda mannskapet friske. Døyr nokon, vert dei sveipte i fiskeskinn og gravlagde i vatnet med ei bok liggande på brystet. Etter sistemann som fór den vegen har Poll overteke vaskejobben på skipet. Under vaskinga av kapteinens kahytt finn han ein nøkkel som passar i kista under køya. Der ligg bøkene. Poll har aldri rørt ved ei bok før, men brått lokkar dei så underleg på han.

Handlinga er lagt til eit skip i ei postapokalyptisk tid. Mannskapet blir fødde på skipet, veks til og døyr der. Dei har ingen tankar om at det finst andre menneske eller stadar i verda. Mads Rage skildrar dette universet med stor overtyding og språkleg overskot. Og skipet siglar vidare er ein roman om søken etter meining i livet.

Mads Rage (f. 1982) er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Han er busett i Oslo og arbeider i Politiets IKT-tenester. Og skipet siglar vidare er den første boka hans.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO