Pressemelding -
Magnhild Bruheim med ny spenningsbok for barn; "Hyttemysteriet"
Stian oppsøkjer ei gammal, forfallen hytte i skogen, der det ein gong skjedde eit mord, som ikkje vart oppklart. Det er noko mystisk med hytta, og saman med Stine bestemmer Stian seg for å finne ut kva det er. Kven er mannen som ser ut til å bu der? Har han noko med drapet å gjere?
Stian og Stine er stesøsken som nettopp har blitt del av ein ny familie. Saman er dei gode til å løyse mysterium, men det er ikkje alltid like lett å skulle balansere detektivarbeid og kvardagsliv.
Hyttemysteriet er andre bok i ein engasjerande spenningsserie for dei yngre lesarane, om Stian og Stine som løyser mysterium.
Magnhild Bruheim (f. 1951) debuterte med kriminalromanen Varselet i 1997 og har sidan skrive fleire bøker både for vaksne og ungdom. Bruheim er frå Skjåk i Gudbrandsdalen. Ho har arbeidd som journalist i fleire avdelingar i NRK, både i Oslo og Lillehammer. Dei siste åra har ho livnært seg som forfattar og frilansjournalist. Bruheim er busett på Lillehammer.
Kontaktinformasjon til Bruheim:
E-post: 92657626
Tlf: mbruhei@online.no
Emner
Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.