Gå videre til innhold
Maria Bokneberg debuterer med "Lukta av våt jord om natta"

Pressemelding -

Maria Bokneberg debuterer med "Lukta av våt jord om natta"

I debutboka si, tek Bokneberg opp korleis ein kan leve vidare etter at den næraste har valt å gi opp livet.

LANSERING: på Boksalongen, Litteraturhuset i Bergen, fredag 2.9. kl 20 - ope for alle.

Mie har dei siste par månadene budd på familiehytta saman med søstera Rakel og far deira. Her har søstrene vore i helger og feriar gjennom heile oppveksten, men no er det éi som manglar: mor. Mie forstår ikkje korleis livet berre kan gå vidare, og heller ikkje korleis dei andre to kan takle det som har skjedd. Ho minnest barndommen og tida fram mot gravferda, og prøver på eiga hand å finne svar på spørsmåla som tapet av mora etterlèt. Lukta av våt jord om natta er ein roman om ein familie som gjer sitt beste for å nærme seg kvarandre igjen, og finne ein måte å snakke saman om det verste som kunne skje.

Maria B. Bokneberg (f. 1982) er bokhandlar. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland, og debuterer med denne romanen.

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO