Gå videre til innhold
Maria Parr presenterer klassiske eventyr

Pressemelding -

Maria Parr presenterer klassiske eventyr

Forfattar Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok med klassiske eventyr henta frå Asbjørnsen & Moe, H.C. Andersen og Grimm-brørne.

Samlinga inneheld eventyra om dei tre Bukke Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen, Tornerose og Bymusikantane frå Bremen.

Eventyra er illustrert med dei klassiske og kjente illustrasjonane til Svend Otto S., akkurat dei same illustrasjonane som dagens foreldregenerasjon kan hugse igjen frå åttitalets Bokklubbutgåve av eventyrskatten.

Maria Parr er opptatt av den munnlege fortellarkunsten og at den som les eventyra høgt fortel med si eiga stemme og tone: -Eventyr skal ligge godt i munnen for det er der dei høyrer heime. Slik har eg tenkt når eg har jobba med dette stoffet. Det må skrivast slik at ein kan gjere seg fri frå det når ein les. 

Emner

Kategorier

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO