Gå videre til innhold
Marit Eikemo kjem med ny roman; "Alt inkludert" - eit skarpt portrett av Noreg

Pressemelding -

Marit Eikemo kjem med ny roman; "Alt inkludert" - eit skarpt portrett av Noreg

I sin nye roman, Alt inkludert, teiknar Marit Eikemo eit skarpt portrett av Noreg i dag, og viser fram korleis vi lever i fellesskap og i einsemd - nedlest av ting, på evig jakt etter meir. 

Med eit fargerikt persongalleri, kostelege scener og eit utforskande alvor følgjer vi Agnes og dottera Maja på 6 år som flyttar inn i eit hybelhus i eit vanlig norsk nabolag. Dei er utan nettverk, venner, pengar eller møblar. Gjennom eit par sommarmånader følgjer vi Agnes i hennar forsøk på å etablere seg. Mens Maja speler Nintendo, bruker Agnes tida si på finn.no, på leit etter møblar og andre ting dei treng.

I møte med alle dei nye menneska, borna i gata, mammabloggaren, politimannen, organisten og jusstudenten, er det ofte ikkje meir enn ei kvit løgn som skal til for å få ting til å gli lettare. Men snart blir omgangen meir utfordrande, pengane minkar og løgnene blir fleire når skulestart nærmar seg.

Lanseringsdato: 1.9.

Marit Eikemo (f. 1971)  er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare vore tidsskriftredaktør og festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, og er no forlagsredaktør. Eikemo har gitt ut tre kritikarroste romanar og essaysamlinga Samtidsruinar.

Alt inkludert er den fjerde romanen hennar. Marit Eikemo er hylla for sine karakterdrivne samtidsromanar. Sagt om bøkene hennar: «tankevekkande», «fantastiske portretter»,«får deg til å le så tårene triller", «klokt og vittig», «herlig skittenrealistisk», "genialt morsomt", "elegant utført". 

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO