Gå videre til innhold
Marit Kaldhol aktuell med ny bok; "Mjølketannmuseet"

Pressemelding -

Marit Kaldhol aktuell med ny bok; "Mjølketannmuseet"

Ei mor samlar mjølketennene til barna sine i ei fyrstikkeske. Så snart barna er vaksne og flyttar ut, stikk ho føtene i skorne. Strømpesaumen treffer hælen midt bak. Kåpestoffet svingar tynt og lett rundt kroppen. Ho ristar på fyrstikkeska. Lyttar til den tørre og fine lyden. Hugsar dei små munnane. Sju barn. Sju panneluggar. Ho slepper eska ned i kåpelomma. Så låser ho huset og tar toget til byen ved kysten. Tida er komen. Prosjektet ventar. I lomma skranglar tennene.

Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.

Marit Kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne.  Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne. 

Emner

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO