Gå videre til innhold
Meir enn ei dobling av lettlesbøker på nynorsk

Pressemelding -

Meir enn ei dobling av lettlesbøker på nynorsk

I dag lanserer Samlaget atten nye Leseland-titlar, noko som gir ei dobling av det totale talet på lettlesbøker på nynorsk sidan 2014. Leseland tel no totalt trettifire titlar med tilhøyrande appar/berika ebøker. Det kjem nye titlar kvart år framover.

Før Samlaget etablerte lettlesuniverset Leseland i 2014 hadde ein berre tjuefem lettlesbøker på nynorsk å velje mellom. Og det var ein urovekkande situasjon: den nynorske hovudmålseleven fekk ikkje høve til å bli stø i sitt eige mål med så få lettlesbøker på nynorsk, og brukte i stor grad bokmålsbøker. Som Bente Lothe Orheim, redaktør for Leseland, seier det:

-For å bli ein god hovudmålsbrukar må du ha tilgang til lettlesbøker på hovudmålet ditt. Med Leseland vil den unge nynorskbrukaren vere mykje betre rusta. Og tenk berre på kva det gjer med den språklege sjølvkjensla til den nynorske hovudmålsbrukaren når han eller ho ikkje finn lettlesbøker på nynorsk? Vi er svært glade for å kunne bøte på denne situasjonen.

Mange av bøkene er omsett frå andre språk, men dei norske forfattarane Anna R. Folkestad, Bente Bratlund og Linn T. Sunne er alle aktuelle med nye bøker i serien. Lettlesbøkene er delt inn i fem nivå etter leseferdigheiter, og handlar om alt frå kjærleik, og venskap til eventyr og humor. Nytt av året er også fire faktabøker om merkelege dyr, forsvunne skattar, utrulege rekordar og mystiske stader. 

Meir om Leseland:

http://www.samlaget.no/nn-no/barn%20og%20unge/lettlesne-boeker.aspx

Emner

Kategorier


Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Velkommen til Samlaget!

Det Norske Samlaget er eit kultur- og kunnskapsforlag som gir ut litteratur på nynorsk. Vi gir ut omlag 100 titlar kvart år av norsk og omsett skjønnlitteratur, barne- og ungdomsbøker, dokumentar- og faktalitteratur, ordbøker og læremiddel for høgare utdanning.

Samlaget
Mariboes gate 13
Postboks 4672 Sofienberg 0506 OSLO